Skiskule i Blomlia


Vil du lære å stå på ski? Eller treng du litt instruksjon for å bli bedre?

I Blomlia har du fleire alternativ.

 

Førde IL Alpin sin skiskule.

Førde IL Alpin arrangerer kvart år skiskule for barn og unge i Blomlia med oppstart i januar. Skiskulen er på torsdagar fram mot vinterferien. For meir info, prisar, påmelding og tidspunkt for oppstart, sjå eige oppslag/annonse eller sjå Førde IL Alpin si nettside.

 


«Kjerringslepp i Blomlia»

I februar kvart år arrangerer Sunnfjord Skisenter AS slalåmkurs for damer. Dette er eit nybegynnarkurs med fokus på enkel svingteknikk, hjelp i heisen og du har bakkane heilt for deg sjølv. Kjerringslepp vert arrangert i samarbeid med erfarne instruktørar frå Førde IL Alpin sin skiskule.

For prisar og tidspunkt, sjå eige oppslag/annonse.