Vil du lære å stå på ski? Eller treng du litt instruksjon for å bli bedre?
I Blomlia har du fleire alternativ.
Førde IL Alpin sin skiskule.
Førde IL Alpin arrangerer kvart år skiskule for barn og unge i Blomlia med oppstart i januar. Skiskulen er på torsdagar fram mot vinterferien. For meir info, prisar, påmelding og tidspunkt for oppstart, sjå eige oppslag/annonse eller sjå Førde IL Alpin si nettside.
«Kjerringslepp i Blomlia»
I februar kvart år arrangerer Sunnfjord Skisenter AS slalåmkurs for damer. Dette er eit nybegynnarkurs med fokus på enkel svingteknikk, hjelp i heisen og du har bakkane heilt for deg sjølv. Kjerringslepp vert arrangert i samarbeid med erfarne instruktørar frå Førde IL Alpin sin skiskule.
For prisar og tidspunkt, sjå eige oppslag/annonse.
Skiopplæring ellers i sesongen
Nytt av året er at vi har vore så heldige å få knytta til oss 2 flinke NSF utdanna skiinstruktørar. Dei tilbyr privatundervisning og i grupper gjennom heile sesongen. For informasjon, prisar og bestilling ta kontakt direkte med instruktørane:
- Synnøve Hågøy, tlf. 478 14 737 .eller
- Lina Hågøy Tonheim, tlf. 415 01 584.