Førde IL Alpin sin skiskule

Førde IL Alpin arrangerer kvart år skiskule for barn og unge i Blomlia med oppstart i januar. Skiskulen er på mandagar fram mot vinterferien. For meir info, prisar, påmelding og tidspunkt for oppstart, sjå eige oppslag/annonse eller sjå Førde IL Alpin si nettside.

 

«Kjerringslepp i Blomlia»

I februar kvart år arrangerer Sunnfjord Skisenter AS slalåmkurs for damer. Dette er eit nybegynnarkurs med fokus på enkel svingteknikk, hjelp i heisen og du har bakkane heilt for deg sjølv. Kjerringslepp vert arrangert i samarbeid med erfarne instruktørar frå Førde IL Alpin sin skiskule.

For prisar og tidspunkt, sjå eige oppslag/annonse.

 

Skiopplæring elles i sesongen

Nytt av året er at vi har vore så heldige å få knytta til oss 2 flinke NSF utdanna skiinstruktørar. Dei tilbyr privatundervisning og i grupper gjennom heile sesongen. For informasjon, prisar og bestilling ta kontakt direkte med instruktørane.

Synnøve Hågøy, tlf: 478 14 737 eller Lina Hågøy Tonheim, tlf: 415 01 584.