Resultat: Bilhuset Førde KM Alpint i Blomlia 07.03.2020
Postet av Førde IL - Alpin den 7. Mar 2020
Laurdag 7. mars hadde Førde IL Alpin gleda av å vere vertskap for årets Bilhuset Førde KM Storslalom og slalom. Rundt 40 deltakerar stilte til start i begge disiplinar, og det var nok spesielt alpintalenta Ane Malen Sætren Myklebust (Sogndal, J15-16) og Oskar Ellingsund (Jølster. G13-14) som imponerte med råsterk køyring i begge disiplinar.
Førde IL Alpin kan bokføre 7 klassesigrar i rangerte klassar, irekna 4 KM-titlar:
- Bertine Hauge Angedal - storslalom og slalom (J11 -12)
- Timian Hauge Hafstad - slalom (G11 - 12)
- Martine Vik - dobbelt krinsmeister (J13 -14)
- Tuva Hoff Nedrebø - dobbelt krinsmeister (K junior I)
Elles var to journalistar hjarteleg til stades (Firda / Førde IL jubileumsboka), og elles medvirka burger-grillmeisterane May-Elin og Rune til å skape ei flott kulinarisk ramme rundt arrangementet. Michelin-stjerne er allereie undervegs.
Vi trøbla litt med tidtakeranlegget i siste omgang av slalomen, men dette tek vi nok fort lærdom av.
Summa summarum ein strålande KM-dag i Blomlia. Under finner man også eit utklipp av Firda sin flotte omtale etter arrangementet.
- Resultat - Bilhuset Førde KM Storslalom 07.03.2020 - Sunnfjord Skisenter Blomlia.pdf
- Resultat - Bilhuset Førde KM Slalom 07.03.2020 - Sunnfjord Skisenter Blomlia.pdf
- 2020.07.03 Firda om KM Alpint i Blomlia.pdf
FRÅ FØRDE ALPINT: Øvst frå venstre:: André Strand, Kristine Strand, Martine Vik, Silje Hafstad, Julie Torvund, Olianna Knapstad. Nest øvst frå venstre: Timian Hafstad, Lise Hafstad, Bertine Hauge Angedal, Tuva Nedrebø, Hanne Strand, Nora Indrebø, Sivert Solheim, Olai Vik, Lucas Helle Reed. Framst frå venstre: Reidar Angedal, Truls Angedal, Lasse Hafstad og Jonas Knapstad.
Foto: Ivar Bruvik Sætre, Firda
Årsmøte tysdag 3. mars 2020
Postet av Førde IL - Alpin den 25. Feb 2020
Tysdag 3. mars vert det årsmøte.
Stad: Haftstadparken, klubbhuset
Tid: 20.00
Saksliste:
1) Godkjenne dei vedtaksføre
2) Godkjenne innkalling, saksliste og forretningsorden
3) Val av møteleiar, referent, to til å signere årsmøteprotokollen
4) Årsmelding 2019
5) Rekneskap 2019
6) Innkommande saker
7) Fastsette kontingent
8) Arbeidsplan og budsjett
9) Organisasjonsplan
10) Val