FØRDE NED 2022 - 12. mars

Postet av Førde IL - Sunnfjord Skisenter den 9. Mar 2022

FOLKEFESTEN - FØRDE NED

  • laurdag 12. mars
  • skikrossløype i familiebakken og frå toppen
  • uhøgtidleg konkurranse
  • kl. 12 i familibakken
  • kl. 14 frå toppen
  • gratis påmelding i bakken, same dag
  • premiar til alle
  • hamburger til alle
  • trekkepremiar

Laurdag 12. mars vert det fest i Blomlia. Det vert arrangert eit uhøgtidleg renn der du kan konkurrere mot ein i klassen, kollega, ven eller ukjent frå toppen og ned i skikross-løypa. 

Skikrossløype seier du?

Stian "trakkemaskin-generalen" Njøsen har i det siste finpussa ein fantastisk løypetrasse frå toppen og ned familieløypa. "Krevjande men veldig moro", seier han i ein kommentar til resten av dugnadsgjengen. Han skal sjølv vere med på laurdag saman med familien sin.

I skikrossløypa kan vi fleire køyre samtidig. Du kan køyre i lag med vener, arbeidskompis, familiemedlemmer eller kven som helst, seier Njøsen. Ingen aldersgrense - berre moro!

Men vert ein ikkje veldig svolten, seier du?

Rune "grillkongen" Øksenberg skal flippe burgarar i solskinnet. Han har sagt at han stiller i bakken med både burger og tilbehør til alle som vert med på folkefesten. "Dette gledar eg meg veldig til", seier Øksenberg og håpar at han ser deg i Blomlia på laurdag.

Men eg vinn sikkert ikkje noko, seier du.

På laurdag vinn alle! Erik "gamlesjefen" Solheim frå arrangementkomiteen seier at det er premiar til alle som deltek. Og i tillegg vert det trekkepremiar. Solheim gler seg kanskje aller mest til å konkurere med Stig "trekkepremiegeneral" Hafstad. "Kjem vi oss opp, kjem vi oss ned", seier Hafstad og legg til at han håpar å sjå heile Førde her på laurdag.

Men det kostar sikkert skjorta, seier du?

Nei, ingen verdens ting, konkluderar heile dugnadsgjengen i kor. Signe Marie "sponsorsjef" Hauge, seier at det kostar ikkje noko å delta på folkefesten. Heiskort må du sjølvsagt betale for, men arrangementet Førde Ned er gratis for alle som vil delta. Det er veldig enkelt, kom i bakken, meld deg på og ver med.

Men kortid skje dette, seier du?

Cato Vik, nestleiar i Blomlia, fortel at det startar kl. 12 i familiebakken. Det er for dei som tykkjer det er tryggast å vere under skoggrensa. Cato og Roger Strand, leiar i Blomlia, seier at dei truleg kjem til å køye i begge løypene, men dei gler seg nok mest til å køyre frå toppen. "Men det er ikkje før kl. 14", seier Strand. Strand avsluttar med å seie at det kan vere lurt å tenke at det kan ta litt tid å få parkert bilen. "Ikkje alle kan stå heilt inntil bakken". 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.