Skiskulen 2020

Postet av Førde IL - Alpin den 9. Nov 2019

Førde alpin tilbyr skiopplæring til barn og unge fødd i år 2015 og eldre. Fem kurskveldar måndagar klokka 18:00-19:30, før vinterferien tek til. 

Måndagar 13. 20. og 27. Januar

Måndag 3. og 10. februar

Pris 800,- kroner for kurset. Betaling for heiskort kjem i tillegg.

 

I år gir vi våre deltakarar på skiskulen tilbod om å kjøpe årskort til redusert pris i Sunnfjord skisenter/Blomlia for kroner 1700,-. Årskortet kan du kjøpe på Din Sport under nattope i Førde, eller i billettluka i Sunnfjord skisenter når vi har registrert di påmelding. Hugs på at det er gratis skikort for 4. klassingar og born 0-6 år.    

Våre instruktørar vil gjere sitt beste for at ditt barn skal få ei god skioppleving og vi garanterer skiglede. Vi ynskjer ditt barn velkommen og gledar oss til å treffe nye og tidlegare deltakarar.  

 

Påmelding gjer du på heimesida til førde alpin https://alpin.fordeidrettslag.no

Gruppe 1: Nybyrjar

Dei fleste på denne gruppa har aldri stått på slalåmski, så målet er at alle først skal lære å ploge og stoppe for eiga maskin. Deretter går vi over til plogsving i ulike modellar og løyper. Erfaringsvis er dei fleste borna på plogsving etter 2 - 3 måndagskveldar. Barnebakken er ein trygg og god arena for å lære seg å stå på ski, heisen er lett å ta og går passeleg fort for dei minste, vi har og gode hjelparar i heisen. 

 

 Gruppe 2: Vidarekomne 

Ungane skal kunne køyre plogsvingar og klare å ta skitrekket aleine. Her er det fokus på læring gjennom leik og moro. Målet for kurset er at du no lærer å køyre med parallelle ski og større fart. Treninga til denne gruppa vil både være i den nye familieheisen og i storebakken.

 

Gruppe 3: JIBBING

Jibbing  er ein populær form for alpint. Dette er eit tilbod for dei som vil ha nye utfordringar, likar frikøyring, leik, triks og hopp. Ungane på denne gruppa må kunne ta heis sjølv, må ha stått på ski før og kunne ta seg kontrollert ned slalåmbakken.

 

Vi ynskjer å ha med oss fleire interesserte alpinistar og foreldre i vår klubb og gode miljø. Alle som deltek på skiskulen får tilbod om å halde fram med alpintreninga etter skiskulen på torsdagar i regi av Førde alpin. På desse treningane trenar vi for å konkurrere og få fram gode alpinistar.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline