Firda: Skiskulen opplever ein pågang dei knapt har sett før

Postet av Førde IL - Alpin den 8. Jan 2018


Snø og kuldegrader denne vinteren har resultert i at aktiviteten i dei fleste skianlegg i fylket har skote fart. Og i Blomlia i Førde har pågangen vore så stor at dei har stoppa påmeldingane til skiskulen som skal starte opp i midten av januar månad.

– Då vi passerte 80 søkarar, måtte vi berre seie stopp. Vi kan ikkje ta inn fleire, og kanskje risikere at det går utover kvaliteten på skiskulen. For trass alt er skiskulen noko av fundamentet for den jobben vi har gjort i Førde Alpin dei siste åra, seier Stig Hafstad.

Over 30 på trening

Han er ein av primus motorane bak det veksande alpinmiljøet i Førde, og ser at alpingruppa stadig vekk får nye medlemmer.

– Det har vore utruleg kjekt å sjå den enorme tilveksten vi har hatt i det siste. Vi har fokusert på å vere allsidige i tilbodet vårt, og prøver dessutan å legge vekt på at mesteparten av aktiviteten vår skal skje i nærmiljøet. Vi har prøvd å styrke foreldre-engasjementet, og ikkje minst ha fokus på å halde kostnadane nede, seier Hafstad. Torsdag kveld var det over 30 unge alpinistar på trening i Blomlia.

– Vi prøver å ta vare på alle som kjem inn i miljøet vårt. Ikkje minst er vi medvitne på at når våre eigne alpinistar blir 12-13-14 år, så skal dei også kunne ha eit ansvar for dei yngste i gruppene. Noko vi ser både dei eldste og dei yngste set veldig pris på. Då opplever vi at alle «blir sett», uavhengig av nivå, seier Stig Hafstad.

Ros frå krinsen

Yngve Thorsen i skikrinsen har over tid registrert at alpinmiljøet i Førde har vekse kraftig, og trur fokuset på aktivitet er noko av årsaka.

– Tidlegare såg vi gjerne at det kunne vere fokus på prestasjonar og resultat. No opplever vi at aktiviteten i seg sjølv har eigenverdi, og at det lokkar til seg fleire aktive. Dessutan er det sunt å sjå at det ikkje lenger er fokus på at lange reiser og deltaking i konkurransar andre plassar, er det viktige. Det kjem tidsnok, seier Thorsen i ein kommentar til at alpinmiljøet i Førde har skote fart dei siste åra.

– Mange vil sikkert seie at dette skuldast den gode snøvinteren. Faktum er at i Førde il Alpin er dette ein jobb dei har halde på med i fleire sesongar. Både i 2014 og 2017 var det omtrent svarte sesongar for alpinsporten her i fylket. Men i Førde har dei makta å bygge eit miljø, som det er tydeleg at dei unge trivst godt i. Der har Marius Reed og dei andre vaksne drive barmarkstreningar og anna når snøen har vore borte, og har på den måten makta å halde på miljøet, seier Yngve Thorsen og ser at både Jølster og Førde har store og aktive alpinmiljø for dei yngste.

– No er dette dei to mest aktive klubbane i fylket. Mange av dei andre klubbane i fylket har vore avhengige av einskildpersonar. Medan ein i Førde og Jølster no ser at det har blitt eit solid miljø, både av vaksne og unge. Noko som lovar svært godt for rekrutteringa framover, seier Thorsen.

Kosar seg i bakken

Ute i bakken i Blomlia storkosar ungdommane seg, og Firda tok ein prat med trioen Silje Haf

stad (12), Bertine Hauge Angedal (10) og Sivert Storevik Solheim (10).

– Vi er i bakken så mange kveldar som mogleg. Vi har trening to kveldar, men vi kan vere her både fire og fem kveldar i løpet av ei veke, seier Bertine Hauge Angedal.

– Det flotte er at vi også nokre kveldar kan trene i Bjørkelia i Jølster. Vi har heiskort slik at vi kan køyre i begge bakkane og det er flott, seier tiåringen Sivert Storevik Solheim.

Den unge trioen ser at alpint har blitt den store aktiviteten på vinterstid, men at dei om sommaren spelar fotball.

– Det er heilt topp. For vi startar opp med alpint når fotballsesongen er over. Men no må vi ut for å køyre fleire turar. Det er kjekt å snakke med venninnene sine inne i varmestova, men det kjekkaste er likevel å stå på ski, smiler Silje Hafstad.

Val av idrett

Og problemstillingane med val av idrett, ser Stig Hafstad vil komme for fullt når ungdommane kjem opp i 13-14-årsalderen.

– Då er det ofte slik at dei må ta eit val om kva idrett dei skal velje. Men eg har trua på at det er mogleg å vere allsidig lenge, og at det vil styrke ungdommane før dei tek eit val. I mange tilfelle er det miljøet ungane vil velje. Dei vil gjerne ha eit miljø som dei trivst i. Maktar vi å skape eit godt og inkluderande alpinmiljø, så ser eg ikkje bort frå at fleire vil velje det i framtida. No ser vi at fleire av dei beste løparane vi har i klubben står på terskelen til å søke vidaregåande skule, og fleire av dei har søkt vidaregåande skular på Lillehammer og Oppdal for å gå vidare med alpinsporten. Noko som gler oss, seier Stig Hafstad.

Lenke: https://www.firda.no/sport/ski...


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.