Laurdag 9. januar opnar Blomlia !
Postet av Førde IL - Sunnfjord Skisenter den 7. Jan 2021
Bilde: Full snøproduksjon også i storbakken onsdag 6. januar kl. 19.00
Laurdag 9. januar opnar vi barnebakken i Sunnfjord Skisenter Blomlia. Det blir sal av sesongkort til og med fredag 8. januar. Kort på førehand blir selt via Vipps 596202 eller til kontonummer 3705.30.39627 (sjå kampanjeprisane i førre innlegg)-
Kiosken blir open med litt begrensa utval pga smittereglane og trygg opning er avklara med kommunen. Varmestova må vi dessverre halde stengt inntil vidare. Blir vanskeleg å halde 1 meters regelen der. Men det blir fyrt opp i bålpannene så ein kan kose seg med grilling.
Det blir informert om kva smittevernsreglar som gjeld både i kiosk og skiheis, og det er viktig at alle som kjem til Blomlia forheld seg til dette.
Det er og viktig å få registrert alle som besøker skisenteret, det vil bli høve til å registrere seg via Vipps med QR kode som blir gjort tilgjengelig. Dei som løyser ut årskort vil bli registrert gjennom heissystemet. Så hugs å registrere deg.
Vi gleder oss til å sjå deg i bakken !
0 Kommentar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Sunnfjord Skisenter

Kjerringslepp søndag 14. februar 18 -21
10.02.2021

Sesongkortkampanje 2020/2021!
05.11.2020

Laurdag 7. mars: Krinsmeisterskap & grilling
06.03.2020

Det nærmar seg opning...
13.02.2020