Førde IL - Sunnfjord Skisenter

Førde IL - Sunnfjord Skisenter

Godt nyttår

Postet av Førde IL - Sunnfjord Skisenter den 31. Des 2017

Alle vi i Sunnfjord Skisenter vil nytte høve til å ynskje alle skiglade eit riktig godt nyttår. Vi var så heldige å få snø  allereie i november og opna tidlegare en vanleg denne sesongen, og vi håpar at det gode været og mykje snø er med oss inn i 2018.

I går, 30.12 hadde vi årsrekord i antal turar i trekket. Sjøl om det er hektisk til tider, så er det ingenting som gjer oss så glade som når mange tar turen og det yrar av liv og skiglade store og små. 

Vi vil spesielt takke alle dokke som tar turen i bakken og sponsorane som er med og støttar oss og gjer det mogleg for oss å oppretthalde det fantastiske tilbodet som vi har i Blomlia. 

Og sist med ikkje minst må også takke alle som er med i dugnadsgjengen som stiller opp til ei kvar tid, utan dokke hadde ikkje dette vært mogleg.






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc