Betalingsløysing er no i orden

Postet av Førde IL - Sunnfjord Skisenter den 25. Des 2022

Vi har hatt problem med betalingsløysinga - som no er i orden. Hugs at det er mykje tid å spare på å orden med skikort online, før de kjem i bakken.



Veke 14

Postet av Førde IL - Sunnfjord Skisenter den 3. Apr 2022

Kommande veke (veke 14) held vi stengt pga liten aktivitet. Forholda er framleis gode så vi opnar igjen palmehelga og køyrer ut påskeveka før vi avsluttar sesongen. Velkommen igjen neste helg⛷😊



FØRDE NED 2022 - 12. mars

Postet av Førde IL - Sunnfjord Skisenter den 9. Mar 2022

FOLKEFESTEN - FØRDE NED

  • laurdag 12. mars
  • skikrossløype i familiebakken og frå toppen
  • uhøgtidleg konkurranse
  • kl. 12 i familibakken
  • kl. 14 frå toppen
  • gratis påmelding i bakken, same dag
  • premiar til alle
  • hamburger til alle
  • trekkepremiar

Laurdag 12. mars vert det fest i Blomlia. Det vert arrangert eit uhøgtidleg renn der du kan konkurrere mot ein i klassen, kollega, ven eller ukjent frå toppen og ned i skikross-løypa. 

Skikrossløype seier du?

Stian "trakkemaskin-generalen" Njøsen har i det siste finpussa ein fantastisk løypetrasse frå toppen og ned familieløypa. "Krevjande men veldig moro", seier han i ein kommentar til resten av dugnadsgjengen. Han skal sjølv vere med på laurdag saman med familien sin.

I skikrossløypa kan vi fleire køyre samtidig. Du kan køyre i lag med vener, arbeidskompis, familiemedlemmer eller kven som helst, seier Njøsen. Ingen aldersgrense - berre moro!

Men vert ein ikkje veldig svolten, seier du?

Rune "grillkongen" Øksenberg skal flippe burgarar i solskinnet. Han har sagt at han stiller i bakken med både burger og tilbehør til alle som vert med på folkefesten. "Dette gledar eg meg veldig til", seier Øksenberg og håpar at han ser deg i Blomlia på laurdag.

Men eg vinn sikkert ikkje noko, seier du.

På laurdag vinn alle! Erik "gamlesjefen" Solheim frå arrangementkomiteen seier at det er premiar til alle som deltek. Og i tillegg vert det trekkepremiar. Solheim gler seg kanskje aller mest til å konkurere med Stig "trekkepremiegeneral" Hafstad. "Kjem vi oss opp, kjem vi oss ned", seier Hafstad og legg til at han håpar å sjå heile Førde her på laurdag.

Men det kostar sikkert skjorta, seier du?

Nei, ingen verdens ting, konkluderar heile dugnadsgjengen i kor. Signe Marie "sponsorsjef" Hauge, seier at det kostar ikkje noko å delta på folkefesten. Heiskort må du sjølvsagt betale for, men arrangementet Førde Ned er gratis for alle som vil delta. Det er veldig enkelt, kom i bakken, meld deg på og ver med.

Men kortid skje dette, seier du?

Cato Vik, nestleiar i Blomlia, fortel at det startar kl. 12 i familiebakken. Det er for dei som tykkjer det er tryggast å vere under skoggrensa. Cato og Roger Strand, leiar i Blomlia, seier at dei truleg kjem til å køye i begge løypene, men dei gler seg nok mest til å køyre frå toppen. "Men det er ikkje før kl. 14", seier Strand. Strand avsluttar med å seie at det kan vere lurt å tenke at det kan ta litt tid å få parkert bilen. "Ikkje alle kan stå heilt inntil bakken". 



Stengt ut dagen og kvelden 23. februar

Postet av Førde IL - Sunnfjord Skisenter den 23. Feb 2022

Regn og kraftige vindkast gjer til at vi dessverre må halde stengt ut dagen.

Beklagar dette.



Opningstider - vinterferien 2022 (veke 8)

Postet av Førde IL - Sunnfjord Skisenter den 21. Feb 2022



Young Attacking Vikings - onsdag 23. februar kl 18.30 - utsatt til fredag 25. februar kl. 18.30

Postet av Førde IL - Sunnfjord Skisenter den 21. Feb 2022

IOC og FIS (i Førde Alpin) kjem med ei viktig melding: 

Vi gjer det som skulle ha vore gjort med 50 km i OL. Vi utsett rennet med 48 timar på grunn av vêret. Det er meldt mykje snø og kraftige vindkast. Fredag er det meldt om kjempefine forhold og vi ser at dette kan verte ei suksess det vi sjeldent har sett makan til. IOC og FIS (i Førde Alpin) er særs fornøgde med vedtaket sitt i Blomlia og prøvar å gløyme fadesen i Kina.


Og for dei som no har fått tenkt seg om:

1. Møt opp i bakken for påmelding, gjennomføring og moglegheiten til å motta fine premiar.

2. Få gjerne med nokon fleire (slekningar, naboar, kjente eller ukjente).

3. Følg oss på Facbook om du ikkje allereie er med i gruppa "Førde Alpin (gruppe)".


Mvh

IOC og FIS (i Førde Alpin)

Ny tid: Fredag 25. kl. 18:30!!

Onsdag 23. kl. 18:30 inviterar vi alle til å delta på eit uformelt renn i Blomlia Skisenter for folk i alderen 2-102 (avvik er tillatt). Det vert høg frekvens av premiar (alle som deltek får premie), musikk og skiglede.  Påmelding i bakken. Velkomen!