Påmelding skiskulen 2018

Postet av Førde IL - Alpin den 17. Nov 2017

Skiskulen blir arrangert måndagar klokka 18:00-19:30, frå 15. januar fram til veka før vinterferien. Det vert og arrangert eit Telenor-renn ei helg for denne målgruppa.

Påmeldingfrist 31.12.2017. Treningsavgift kr. 750. (Påloggingssystemet tek eit transaksjonsgebyr på 40,- kr som kjem i tillegg.)

Treningsavgifta dekkar ikkje heiskort i Sunnfjord Skisenter Blomlia, men born under 7 år, og 4.klassingar (2008 modell) får gratis heiskort i skisenteret.


Klikk her for påmelding




Barmarkstrening sesongen 2017-2018

Postet av Førde IL - Alpin den 29. Aug 2017

Barmarkstrening for Førde Alpin startar opp i veke 35. Det blir trening kvar søndag klokka 18:00-20:00. Følg med på facebook på førde Alpin (gruppe) kva som skjer på dei ulike søndagane. Etter haustferien eller starten av november blir det barmarkstrening også på torsdagar 19:00 - 20:00. Trening for dei yngste (U12) inne i gymsalen på Slåtten! Slyngetrening klokka 19:00-20:00 på spenst for dei over 12 år.

Vel møtt til alle som vil vere med på alpintrening med Førde Alpin

Helsing trenarane: Stig, Marius, Anders og Martin Olav

Førde IL Alpin (gruppe)



Resultatliste - Fjord1 Cup i Blomlia 08.03.17

Postet av Førde IL - Alpin den 8. Mar 2017

Det var til slutt 52 alpinistar som stilte til start i Fjord1 Cup i Blomlia onsdag kveld, irekna 17 i fellesklassen i familiebakken. Arrangørklubben Førde IL Alpin var litt bekymra for snøtilhøva før start, men det var det lite grunn til. Løypa heldt fint i to omgangar, og fleire var raskare i andre runde slik det brukar å vere under "normale" forhold.

Nora Indrebø (Førde J13-14) og Jørgen Aarøen Taklo (Jølster G15-16 år) vart raskaste jente og gut i kombislalom stor bakke denne kvelden.

Fjord1 Cup 08.03.2017 - Resultat urangert.pdf

Fjord1 Cup 08.03.2017 - Resultat rangert.pdf





Fjord1 Cup i Blomlia onsdag 08.03.2017

Postet av Førde IL - Alpin den 1. Mar 2017



Innkalling årsmøte Førde IL Alpin

Postet av Førde IL - Alpin den 1. Mar 2017

INNBYDING:

Årsmøte Førde IL Alpin

Dato: Måndag 13. Mars 2017 kl. 20.30

Stad: FIL HUSET, FØRDE.

Sakliste

  1. Godkjenne dei vedtaksføre
  2. Godkjenne innkalling, saksliste og forretningsorden
  3. Velje møteleiar, referent samt 2 representantar til å underskrive protokollen
  4. Handsame Førde IL Alpin si årsmelding
  5. Handsame Førde IL Alpin sitt rekneskap (2016) i revidert stand
  6. Handsame innkomne forslag
  7. Fastsette kontingent
  8. Vedta Førde IL Alpin sitt budsjett (2017)
  9. Bestemme Førde IL Alpin sin organisasjonsplan
  10. Val
  • Leiar
  • Styre på 6 personar(styret konstituerer seg sjølve)
  • Valkomité med 1 leiar og 1 medlem


Førde 01. mars 2017

Marius Reed

Styreleiar Førde IL Alpin





Resultat Fjord1 Cup Blomlia 18.01.2017

Postet av Førde IL - Alpin den 18. Jan 2017

Cirka 30 strålande fornøgde Sunnfjord-alpinistar trossa den dystre værprognosa då dei mønstra til start i storslalomrennet i familiebakken onsdag kveld. Etterpå vanka det lommelykt-premiar til alle, samt at Blomlia-kiosken inviterte alle til gratis pølse- og vaffelfest.

Fjord1 Cup 18.01.17 Resultat urangert.pdf

Fjord1 Cup 18.01.17 Sunnfjord Skisenter Blomlia. Resultat etter startnr.xlsx




Fjord 1 Renn på onsdag 15.01.2017

Postet av Førde IL - Alpin den 16. Jan 2017

nsdag arrangerer vi Fjord 1 rekrutteringsrenn i Blomlia.

Link til påmelding:

http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=306447



Levert av IdrettenOnline