Skiskulen 2020

Postet av Førde IL - Alpin den 9. Nov 2019

Førde alpin tilbyr skiopplæring til barn og unge fødd i år 2015 og eldre. Fem kurskveldar måndagar klokka 18:00-19:30, før vinterferien tek til. 

Måndagar 13. 20. og 27. Januar

Måndag 3. og 10. februar

Pris 800,- kroner for kurset. Betaling for heiskort kjem i tillegg.

 

I år gir vi våre deltakarar på skiskulen tilbod om å kjøpe årskort til redusert pris i Sunnfjord skisenter/Blomlia for kroner 1700,-. Årskortet kan du kjøpe på Din Sport under nattope i Førde, eller i billettluka i Sunnfjord skisenter når vi har registrert di påmelding. Hugs på at det er gratis skikort for 4. klassingar og born 0-6 år.    

Våre instruktørar vil gjere sitt beste for at ditt barn skal få ei god skioppleving og vi garanterer skiglede. Vi ynskjer ditt barn velkommen og gledar oss til å treffe nye og tidlegare deltakarar.  

 

Påmelding gjer du på heimesida til førde alpin https://alpin.fordeidrettslag.no

Gruppe 1: Nybyrjar

Dei fleste på denne gruppa har aldri stått på slalåmski, så målet er at alle først skal lære å ploge og stoppe for eiga maskin. Deretter går vi over til plogsving i ulike modellar og løyper. Erfaringsvis er dei fleste borna på plogsving etter 2 - 3 måndagskveldar. Barnebakken er ein trygg og god arena for å lære seg å stå på ski, heisen er lett å ta og går passeleg fort for dei minste, vi har og gode hjelparar i heisen. 

 

 Gruppe 2: Vidarekomne 

Ungane skal kunne køyre plogsvingar og klare å ta skitrekket aleine. Her er det fokus på læring gjennom leik og moro. Målet for kurset er at du no lærer å køyre med parallelle ski og større fart. Treninga til denne gruppa vil både være i den nye familieheisen og i storebakken.

 

Gruppe 3: JIBBING

Jibbing  er ein populær form for alpint. Dette er eit tilbod for dei som vil ha nye utfordringar, likar frikøyring, leik, triks og hopp. Ungane på denne gruppa må kunne ta heis sjølv, må ha stått på ski før og kunne ta seg kontrollert ned slalåmbakken.

 

Vi ynskjer å ha med oss fleire interesserte alpinistar og foreldre i vår klubb og gode miljø. Alle som deltek på skiskulen får tilbod om å halde fram med alpintreninga etter skiskulen på torsdagar i regi av Førde alpin. På desse treningane trenar vi for å konkurrere og få fram gode alpinistar.


0 Kommentar

Resultat: SPV Alpincup Blomlia 26.01.2019

Postet av Førde IL - Alpin den 26. Jan 2019

Femti "young & attacking Vikings" deltok på slalomrennet i Sunnfjord Skisenter Blomlia laurdag 26.01.2019. Etter to omgangar var det Sogndølane Ane Malen Sætren Myklebust (J 13/14, 1:37.55) og Eivind Stedje Hofslundsengen (G 15/16, 1:30.22) som vart raskaste jente & gut samanlagt. 


SPV Alpincup Blomlia 26.01.2019 - Resultatliste.pdf


0 Kommentar

Realt gubbe- og kjerringslepp i lagsmeisterskapet 02.04.2018

Postet av Førde IL - Alpin den 2. Apr 2018

Lagsmeisterskap i storslalom avrunda ei perfekt påske i Sunnfjord Skisenter Blomlia 2. påskedag. Sjølv om det var Tuva Hoff Nedrebø (J15/16) og Ivar Fugle Nordhaug (Menn A) som var raskast, tek vi med at det var mang ein gubbe- og kjerring som debuterte med startnummer på brystet denne solrike påskedagen. Cirka 55 startande. Heilt topp!

Lagsmeisterskap Blomlia 02.04.18 resultat.pdf


0 Kommentar

Resultat: SPV Alpincup Blomlia 03.02.2018

Postet av Førde IL - Alpin den 3. Feb 2018

Elias Helle Felde (Breimsbygda 1:12.50) og Nora Indrebø (Førde 1:23.01) var dei raskaste i langstaur-slalomen i Blomlia laurdag 3. februar 2018. Men den som kanskje imponerte mest denne laurdagen var Haugen-jenta Julie Felde  (J11-12) si knusande overlegne 1:22.83 i den like lange kortstaurløypa!!! Totalt var det 54 startande i storbakken.

SPV Alpincup Blomlia 03.02.2018 resultat.pdf



0 Kommentar

Resultat: SPV Blomliarennet 20.01.2018

Postet av Førde IL - Alpin den 20. Jan 2018

Julie Felde (Haugen) og Oskar Ellingsund (Jølster) var dei raskaste etter to runder storslalom i SPV Blomliarennet 20.01.2018. Totalt var det 45 alpinistar i storbakken, samt rundt 30 som deltok i rekrutteringsrennet i familiebakken.

Resultat SPV Blomliarennet SSL 20.01.2018 urangert.pdf

Resultat SPV Blomliarennet SSL 20.01.2018 rangert.pdf
 

Familiebakken:

Johannes Veimo, Førde 53.28, Andrea Løkkebø Lekva, Førde 51.15, Sebastian Vasstein, Jølster 50.35, Jenny Elin Sagevik, Førde 49.57, Eila Marie Vik Botnen, Førde 1:02.23, Jonas Kvitnes Øygard, Førde 55.35, Astrid Sofie Øygard, Førde 1:15.45, Jakob Lavik Gilleshammer, Førde 53.50, Niklas Sunde, Førde 57.72, Hella Høllige, Førde 1:32.51, Kristine Vefring Ullaland, Tambarskjelvar 56.31, Liv Tollefsen, Førde 58.19, Pelle Tollefsen, Førde 1:33.71, Mathias Meland Birkeland, Tambarskjelvar 47.79, Morris Sægrov Asheim, Førde 1:37.11, Sanna Sægrov Asheim, Førde 45.39, Even Bortheim, Florø 1:12.51, Adrian Kvammen, Kvammen 1:37.21, Victoria Zablotny, Førde 1:12.51, David Zablotny, Førde 1:29.04, Amund Tenold Grimelid, Førde 48.69, Sunniva Tenold Grimelid, Førde 1:09.85, Sanna Amalie Ivars, Førde/Bergen 1:05.39, Emma Marie Ivars, Førde/Bergen 1:14.58, Betty Mari Hugøy, Førde 59.03, Mathilde Juklestad Sunde, Førde 59.22, Liam S. Kirketeig, Førde 48.68, Torben J. Sunde, Førde 56.25, Ola Unemo, Kvammen 59.83, Leo Høllige, Førde 1:13.75

Stor bakke utan rangering:

Jenter 8 år og yngre: Hanne Strand, Førde 2:54.95, Lena Kristina Strand, Jølster 2:22.35

Gutar 8 år og yngre: Kris-Daniel Vik Botnen, Førde 3:26.67, Tor Hoff Nedrebø, Førde 2:52.50, Olai Meland Vik, Førde 2:36.54

Jenter 9 år: Trine Solheim Flåm, Førde 2:56.05, Licia Helle Reed, Førde 2:49.89

Gutar 9 år: Nikolai Eric Goosen, Jølster 2:21.33, Kasper Felde, Haugen 2:01.83, Ola Lavik Gilleshammer, Førde 2:46.13, Lasse Hafstad, Førde 2:02.27, Truls Hauge Angedal, Førde 1:56.32

Jenter 10 år: Ingrid Rognebakke Svidal, Jølster 2:18.54, Bertine Hauge Angedal, Førde 1:55.81, Synne Vasstein, Jølster 2:17.54

Gutar 10 år: Erlend Hetle, Breimsbygda 1:51.06, Mathias Grande Flatjord, Førde 2:31.04, Freider Olav Nyheim, Førde 2:30.40, Jakob Felde, Breimsbygda 1:59.92, André Strand, Førde 2:23.97, Timian Hauge Hafstad, Førde 1:52.00

Stor bakke med rangering:

Jenter 11-12 år: 1: Julia Felde, Haugen 1:37.79, 2: Martine Vik, Førde 2:01.17, 3: Rebekka Veimo, Førde 2:18.27, 4: Ingeborg Søgnen Aasen, Førde 2:18.74, Carina Vasstein Didriksen, Jølster (DSQ1)

Gutar 11-12 år: 1: Oskar Ellingsund, Jølster 1:38.32, 2: Kjetil Helgheim Torpe, Jølster 1:45.03, 3: Kjetil Aarøen Taklo, Jølster 1:45.39, 4: Lucas Helle Reed, Førde 1:52.15, 5: Sverre Olai Savland, Jølster 2:00.80, 6: Sivert Storevik Solheim, Førde 2:02.55, 7: Sander Løkkebø Lekva, Førde 2:09.14, 8: Marcus Audun Goosen, Jølster 2:16.36, 9: Peter Skivenesvåg, Jølster 2:26.82, Olai Sele Marifjæren, Jølster (DNF2)

Jenter 13-14 år: 1: Lise Hafstad, Førde 1:48.43, 2: Silje Hafstad, Førde 1:51.23, 3: Sofie Storevik Solheim, Førde 2:09.67, Julie Hagen Torvund, Førde (DSQ1), Olianna Felde, Breimsbygda (DNF1)

Gutar 13-14 år: 1: Johannes Gjerland, Jølster 1:39.37, 2: Ola Indrebø, Førde 1:50.40

Jenter 15-16 år: 1: Kristine Strand, Førde 1:51.35

Gutar 15-16 år, 1: Filip Arnold Grov, Førde 1:49.31






0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline