Kort om Førde IL Alpin

Førde IL Alpin vart stifta i 1975, og har sidan 1985 hatt Sunnfjord Skisenter Blomlia som arena for treningar og renn.

Alpingruppa skal bidra til fysisk aktivitet og rekruttere aktive alpinistar gjennom eit inkluderande, trygt og utviklande miljø. Dette betyr at alpingruppa både skal ha breiddetilbod gjennom den tradisjonsrike skiskulen, samt tilby treningsopplegg til aktivt satsande alpinistar.

Alpingruppa har i ei årrekke arrangert alpin skiskule med ca. 100 ungar i tillegg til ei aktiv gruppe med ca 25 alpinistar. Dei aktive alpinistane held høgt nasjonalt nivå med Kari Hole og Johannes Betten som flaggskip. I tillegg har vi eit godt miljø blant yngre utøverar.

«BARN PÅ SKI ER GLADE BARN»


Styret i Førde IL Alpin:

  • Marius Reed, leiar
  • Tor Egil Nedrebø
  • Tove Nedrebø
  • Per Lambrechts
  • Erik Solheim
  • Stig Hafstad
Powered by: Bloc